Kva kan eg hjelpa deg med?

Foto

Ein stad mellom fakta og fantasi finn du mine fotografi.
Eg likar bilde som fortel ei historie, bilde som dokumenterer og bilde som er ekte. Men eg likar også å skapa eigne historier, regissera og leika.

Om du likar bilda mine, vil det vera ei glede for meg å få fortelja di historie. Eg kan hjelpa til med:
• alle typar portrett
• familiefotografering
• bryllup
• foto til aviser og magasin
• bøker og andre fotoprosjekt.

Design

Eg er utstyrt med Mac, iPad pro og Apple pencil, Canon EOS 5D Mark IV, Photoshop og Illustrator. I ein kombinasjon med gode idear og ein dose kreativitet, kan dette brukast til å laga mykje kult. Til dømes:
• plakatar
• bilde til å ha på veggen
• invitasjonar
• takkekort
• bilde og videosnuttar for sosiale media

Tekst

Skriving har oppteke det meste av tida mi gjennom ti år som journalist i ulike aviser. Nå jobbar eg i Hå kommune, men eg har teke godt vare på både journalisten og skrivegleda. Treng du ein journalist, tekstforfattar eller berre litt korrektur, kan eg hjelpa deg. Eg kan skriva både nynorsk og bokmål.

Video

Eg har hatt filming og redigering som hobby sidan ungdomsskulen. I tillegg har eg jobba som videojournalist. Nå brukar eg Canon EOS 5D Mark IV til både foto og video, og kan ta enkle videojobbar for bedrifter og organisasjonar. Det kan vera alt i frå reklame- og profilannonsar til å dekka eit arrangement.