Bok om jærske ord

Foto: Hilde Garlid, Jærbladet
Foto: Hilde Garlid, Jærbladet

I språkåret 2013 skreiv eg ein liten epistel på jærsk om eit jærsk ord på den siste sida i Jærbladet, og utfordra naboen heima til å gjera det same. Han skreiv også eit lite stykke, og sendte stafettpinnen vidare. Og sånn gjekk vekene. Eit nytt ord, og ei ny forteljing kvar fredag.

Målet var eigentleg berre å halda stafetten i gang ut språkåret, men orda berre rann inn, så me bestemte oss for å sjå om me kunne klara eit heilt år. Etter to år, hadde me 100 tekstar, og eg fekk gleda av å fotografera nokre av dei som hadde vore med i stafetten.

I 2015 var boka klar. “100 slåse om jærsk på jærsk”. Me trykka opp nærare 1500 eksemplar, og etter tre veker var det utseld.

Det var utruleg gildt å laga bok, og noko eg drøymer om å gjera igjen.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *