Å fortelja

Ein stad mellom fakta og fantasi finn du mine fotografi.

Eg likar bilde som fortel ei historie, bilde som dokumenterer og bilde som er ekte. Men eg likar også å skapa eigne historier, regissera og leika.

Mitt favorittmotiv er menneske. Menneske med ei historie.

Eg er utdanna journalist og har, gjennom 10 år i Jærbladet, Aftenbladet, Solabladet og Hafrsfjord Budstikke fått lov til å fortelja historiene til enormt mange interessante menneske i både tekst og bilde.

Eg har alltid hatt ein draum om satsa meir på foto. For å ta vare på minne, for å skapa noko, for å utvikla meg vidare og for å fortelja nye historier.

Hausten 2016 sa eg opp som journalist i Jærbladet og begynte å jobba som servicekonsulent i Hå kommune. Våren 2017 blei eg mor til Runa. Med ny jobb og nytt familiemedlem er det kanskje litt ambisiøst å starta ei bedrift på si. Men eg prøver.

Ta gjerne kontakt om du har eit oppdrag til meg.