Drømmedamå

ingen kommentarar

Snø i Sirdal

Det er ikkje veldig ofte det er meir snø på sør-vestlandet enn på austlandet, så me var veldig glade då me fekk lov til å feira den siste delen av Påsken i Solheimsdalen.

Eg fekk vera med på to fine skiturar. Eg var veldig usikker på om kneet ville tola å gå på ski, så me var forsiktige og gjekk på føtene ned dei brattaste bakkane. Men det var ikkje å stå på ski i bakkane som var farleg trur eg.

Eg datt i ein oppoverbakke, i ein slak nedoverbakke og då eg gjekk på føtene ned ein av dei bratte bakkane.

Men det gjekk bra. Heldigvis. No skal eg vera forsiktig ei stund framover.

Elles åt me mykje god mat. Kokkane Asle og Karoline diska opp med lammelår og Randi laga lasagne. I tillegg var det sjølvsagt is frå Hennig Olsen.

Me spelte både settlers, idioten og bondebridge.

 

Eg haddde med meg Hakadals-genseren vår til Sirdal, og den likte Rune godt. På hytta fann han eit matchande pannebånd og meinte at eg måtte ha på meg det på skitur. Då eg ikkje hadde lyst til det, ville han låna genseren. Det meste av skituren var han strålande nøgd med alle som såg på han og meinte at dei syntes han såg veldig fin ut.

Eg fekk læra ein heilt ny måte å bæra ski på. Den var genial.

ingen kommentarar

Eit kongerike for ein lama


For nokre veker sidan ringte far heim frå hytta i Selvikvågen og sa at han hadde møtt to dyr i porten. Han visste ikkje heilt kva det var slags dyr, men han trudde det var lama sa han. Me trudde ikkje på han. Eg foreslo hest, ku og muldyr. Me såg i dyrebøker. Eg fann ein lama på nettet og far meinte at han likna.

Då mamma var med inn på hytta nokre dagar seinare kunne ho konstatera at far hadde rett. Det gjekk to lamaar fritt rundt i Selvikvågen.

1. april fekk eg melding av far om at no stod lamaen på den nye kaien til hytta. Det trudde eg rett nok ikkje på, og eg var veldig usikker på om eg skulle få sjå dette flotte dyret på nært hald då eg skulle inn midt i påsken. Men det fekk eg.

Eg fekk til og med sjå to.

Den eine lamaen spankulerte fritt rundt, men den andre var bak eit gjerde. Me visste ikkje kva som skulle til for at dei skulle spytta på oss, men me prøvde å koma ganske tett på dei likevel. Lamaen som gjekk fritt stirra bare på Messi.


Og Messi stirra på lamaen. Messi bjeffar nesten aldri. Han kan faktisk omtrent ikkje bjeffa. Men han fekk fram eit par boff når lamaen kom småjoggande mot han.

Lamaen jogga etter far òg.

Lama er jammen tøffe dyr. Pelsen duvar opp og ned når dei går og så ser dei både snille og skumle ut på ei gong. Eg håpar at dei vert buande i Selvikvåg lenge. 

Me gjorde andre ting i Selvikvåg enn å gå på lamajakt. På det årlege slektstreffet var det sjølvsagt pilkastkonkurranse. I år var det Hilde og far som kom seg til finalen. Far vann, men Hilde imponerte stort.

Messi fekk besøk av Kråhunden:

ingen kommentarar

Ein tjuvstart på påskeferien


Berre nokre timar etter at Rune kom  brun og blid heim frå treningsleir i Tyrkia, sette me oss på toget til Hakadal. Det var ikkje til å tru at me skulle på påskeferie. Ingen snø. Det har aldri hendt i mi påskeferietid på austlandet.

Men me fekk nokre nydelege dagar hjå bestemor og på hytta i Valdres likevel.

Den fyrste dagen gjekk me på tur til Gapahuken og grilla krøllepølser.


Og om kvelden reiste me til fjells i lag med Onkel Truls og Marte. Onkel Truls har kjøpt eit par luftgevær og laga ein standplass i skogen ved hytta. På ei hylle mellom to tre plasserte me ut ulike plastfigurar som me sikta på. Blant dei var to av medlemma i Spice Girls, snoopy, Esmeralda, Pink Panther og fleire til. 

Eg skaut ikkje særleg bra. Rune, Marte og Onkel Truls var nok best. Men bestemor hadde den finaste stilen:
Og trur de ikkje at ho traff ned to figurar med eit skot på sitt fyrste og einaste forsøk?
Me gjekk på nokre fine turar i Valdres òg.
Og onkel Truls lærte oss eit nytt ord: Tømmerlund. Me såg tømmerlundar over alt.

Elles vart det mykje speling. Hopp i havet, tvungen Yatzy, bondebridge, bløff og ubongo stod på menyen. Me fekk besøk av Martin som stakk av med den prestisjetunge tittelen Valdresmeistar i tvungen Yatzy.


Tilbake i Hakadal venta nye turar og mykje god mat.
Me hadde ein strålande tur til Aas gård. Planen var berre å gå til garden for å eta mat, men det var visst ikkje ope i og med at golfsesongen ikkje hadde starta. Så då vart det ein lang heimtur utan mat. Men det gjorde ikkje noko ettersom tante Elin hadde laga ei ribbe til oss då me kom heim.
Eg håpar at me får til ein tur til Hakadal i sommar òg.

2 kommentarar

Trine D. Selvikvåg

Eg lo godt då eg fann dette i posten her om dagen. Ikkje på grunn av at det var vedlagt to «Eg elskar Ivar Aasen-buttons». Ikkje på grunn av at eg faktisk hadde vorte medlem i Noregs Mållag, men på grunn av brevet var adressert til Trine D. Selvikvåg. Same namn prydar medlemskortet.

Kva kan denne D-en stå for. Og korleis kan det ha kome inn?

2 kommentarar

Lyetrix 2003

Eg hadde kjøpt filmkamera for konfirmasjonspengane og det var elevens val på skulen. Eg og Ingrid ville laga film. Me bestemte oss for å leita opp dei mange ulike talenta på Lye og fanga dei på video. I tillegg til å filma oss sjølve, gjekk me rundt på både barneskulen og ungdomsskulen og spurte om elevane kunne gjera nokre triks for oss. Me fekk mange triks og redigerte dei saman til ein videosnutt. No har eg henta fram råmaterialet og saksa i saman ein litt kortare sekvens. Me var tydelegvis ikkje så klare på prioriteringane den gongen. Men me var flinke med effektar. Her går litt i sakte film og litt i høg fart. Men det er nostalgi. Kva seier du, Ingrid? Skal me laga ein del to?

Lyetrix 2003 from Trine Selvikvåg on Vimeo.

6 kommentarar

Smittefare


Det ser ut til at Rune framleis er best.

2 kommentarar

Straff

Nissekonken 2011 var prega av mykje tull og fanteri på nattestid, og det var spesielt to nattnissar som laga bråk. Det var Asle og Unge Paulsen. Dei vart straffa gong på gong, men ville ikkje følgja reglane. Bart og bilete med kjole var ikkje nok. Dei to ugangskråkene ville ikkje gje seg. Administrasjonen har lenge lova ei beinhard straff til den me meiner bør straffast hardast. No har Viseadmin leita fram nokre eldgamle klypp frå då Unge Paulsen var verkeleg ung. Me ser fram til Nissekonk 2012 med deltakarar som respekterer reglane til underteikna.

Mvh Admin og Viseadmin

Untitled from Trine Selvikvåg on Vimeo.

Filmen er eit utdrag frå tyskprosjektet på ungdomsskulen der Unge Paulsen har hovudrolla som Gullhår. Viseadmin er bjørnefar.

4 kommentarar

Eg flytter

Eg skal verta Jærbu igjen. Nærare bestemt Tubu. Eg har kjøpt eit husvære på Tu.

2 kommentarar

Rundt huset

Selvikvåg.no har fått ein konkurrent. Rune Svihus har funne fram pennen og gjort comeback som redaktør og journalist i lokalavisa Rundt huset.

– Rundt huset har lange røter frå mi barndomstid der eg skreiv om kva som hende i Svihuset. No handlar avisa mest om Rune, Trine og omegn, seier Rune Svihus til Selvikvåg.no.

Kva meiner du eigentleg med omegn?
     – Det er stort sett Gaute, svarer Svihus.

Kva slags nyhende er det Rundt huset vil gje oss?
     – Sport, lokalt-lokalt, kjøp-sal-bytte-sakna-funne og quiz med premie. Det kjem nok andre ting etter kvart òg, lovar redaktøren med eit glimt i auge.

Kven er det som har interesse av å lesa denne avisa?
     – Alle som er interesserte i lite kjeldesikre nyhende om Gaute, Rune og Trine bør verta abonnentar.

Kvifor papiravis, og ikkje blogg eller nettavis?
– Hmm. Godt spørsmål. Blogg vert kanskje sett på som lite seriøst. Du kan heller ikkje setja deg ned med kaffien og lesa ein blogg, meiner Svihus.

Men eg må berre spørja. Har denne plutselege redaktørinteressa noko å gjera med at eg er journalist og redaktør?
     – Ja, eg er gått litt lei av at du alltid har kveldsjobbing eller helgevakt.

Målet til Svihus er å gje ut to nummer av avisa kvar månad. Førebels har han stått for design sjølve, men han prøver å lokka konkurrenten til å ta på seg nokre grafiske oppgåver.

Om du ønskjer å abonnera på Rundt huset, kan du skriva ein e-post til redaktøren: rundthuset@gmail.com. Avisa er gratis og har to sponsorar. Det er selvikvåg.no og KRIK.

2 kommentarar